Vedtak om løyve til utslipp

Kunngjering

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ferdigbehandla søknad frå J.E.Ekornes AS av 06.03.2014 og har vedteke å gi løyve til verksemda etter forureiningslova på visse vilkår. Løyvet er gitt i brev av 20.11.2014 og vert med dette offentleggjort jfr. § 36-11 i forureiningsforskrifta.

Løyvet er gitt med særskilde krav til utslepp til luft og støy frå anlegget. Det er også stilt krav til målingar av utslepp.

Ekornes skal bygge ny varmesentral for brenning av flis frå eigen produksjon. Varme skal nyttast til oppvarming av produksjonslokala og vil føre til utfasing av El og olje til oppvarming. Anlegget vert etablert syd om brua/rundkjøyringa på Ikornnes.

Det kan klagast på vedtaket. Klagen skal stilast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Klagen bør grunngjevast og særleg opplysningar som har betydning for saka bør nemnast. Klagefrist er 3 veker frå underretning om vedtak.

Kontakt Ekornes ASA v/Leif-Jarle Aure for utfyllande informasjon og innsyn i alle saksdokumenta, lja@ekornes.com eller mob: 918 95 020

Last ned vedtak